To start page
  • Use of cookies
  • Archive
  • Sitemap
  • Contact
  • Print
  • Print
  • Change text size
Norsk

Court decisions

Document-ID : LB-2014-57082 - LB-2014-57085
Documentdate : 09.02.2015

Utlendingsrett. Beskyttelse. Vurdering av beviskravet i utl. § 28.

Lagmannsretten kom til at vedtak om avslag på søknad om asyl, subsidiært opphald på hummanitært grunnlag, var gyldig. Det same gjaldt avslag på krav om omgjering av vedtaket. I dommen drøftar lagmannsretten innhaldet i beviskravet i utlendingslova § 28, jf. Rt-2011-1481. Lagmannsretten kom til at sjølv om det måtte leggjast til grunn eit lempa beviskrav, så hadde Utlendingsnemnda korrekt sett bort frå sentrale delar av asylforklaringa. Vilkåra for vern som flyktning var heller ikkje til stades basert på etterfølgjande politisk aktivitet i Noreg (subjektiv sur place).

Saka gjeld rettsleg prøving av eit vedtak i Utlendingsnemnda (UNE) om å avslå søknad om asyl, subsidiært søknad om opphald på humanitært grunnlag. Det er vidare kravd prøving av to vedtak om å nekta omgjering av avslaget. Saka omfattar også krav om mellombels åtgjerd.

A blei 9. august 2010 registrert som asylsøkjar i Noreg. Han opplyste at han var fødd 0.0.1989, at han hadde flykta frå Etiopia og høyrde til folkegruppa oromo. Han hadde ikkje identifikasjonsdokument. Han forklarte at han hadde flykta til Noreg via Kenya, Nederland og Sverige. I rapporten frå registreringa står det under overskrifta «asylgrunn» at A forklarte at han i heimlandet var busett hos ein onkel som var medlem av det forbode politiske partiet Oromo Liberation Front (OLF). Det heiter vidare i rapporten at A blei arrestert då han skulle flytta nokre OLF-dokument som tilhøyrde onkelen. A skulle levera dokumenta til ein annan person.

I asylintervju 24. august 2010 gav A ei meir detaljart forklaring om grunnlaget for søknaden. Han forklarte at han budde hos onkelen i Addis Abeba saman med ei eldre søster. Onkelen sat fengsla i ein periode på fem år før han blei lauslaten rundt januar 2010 (rekna etter norsk kalender). Kort tid etter lauslatinga kom det personar som ransaka bustaden. Desse personane utøvde vald mot A og valdtok søstera hans, men fann ikkje OLF-dokumenta, som onkelen hadde skjult i eit dohus, som blei brukt av fleire husstandar i nærleiken. I samråd med søstera bestemte A seg for å flytta dokumenta. Han blei arrestert då han hadde dokumenta i ein ryggsekk og var på veg til ein venn av onkelen. A forklarte at han sat fengsla i 16-17 dagar før han flykta under ein fangetransport. Han ringte då til onkelens venn, som hjelpte til, slik at A klarte å flykta til Kenya. Han var i Kenya i to månader før han drog vidare til Noreg.

Utlendingsdirektoratet (UDI) trefte 11. november 2011 vedtak om avslag på søknaden om asyl, jf. utlendingslova § 28 andre ledd. Det blei også gjeve avslag på søknaden om opphald på humanitært grunnlag, jf. utlendingslova § 38. Det går fram av vedtaket at UDI såg bort frå As forklaring om tilknyting til OLF og fengsling i heimlandet. Det heiter i vedtaket at A «fremstår med svekket troverdighet».

A klaga over vedtaket til UNE, som 25. august 2012 trefte vedtak om ikkje å ta klagen til følgje. UNE peikte på at A ikkje hadde dokumentert eigen identitet, noko som var eigna til å svekka det generelle truverdet hans. UNE slutta seg til vurderingane og konklusjonen til UDI, inkludert vurderinga av at asylforklaringa ikkje kunne leggjast til grunn.

Den 16. oktober 2012 kravde A omgjering av vedtaket til UNE. Han viste blant anna til at han hadde drive politisk aktivitet etter at han kom til Noreg, og at han risikerte å bli forfølgd i heimlandet også på dette grunnlaget.

Den 6. juni 2013 trefte UNE vedtak om ikkje å ta til følgje kravet om omgjering. Den politiske aktiviteten til A i Noreg blei i vedtaket omtalt som «svært beskjeden».

Den 11. juli 2013 tok A ut søksmål mot staten v/UNE med krav om dom for at UNEs avslag 25. august 2012 var ugyldig. Det blei også kravd mellombels åtgjerd for at han ikkje skulle sendast ut av Noreg i tidsrommet fram til rettskraftig dom i hovudsaka.

I prosesskriv 19. desember 2013 la A fram nye opplysningar, blant anna om den politiske aktiviteten i Noreg. Av eige tiltak vurderte UNE dette som eit nytt krav om omgjering. I vedtak 2. januar 2014 kom UNE til at heller ikkje dei nye opplysningane gav grunnlag for å endra avslaget.

Under hovudforhandling i Oslo tingrett 6. og 7. januar 2014 la A ned påstand om at samtlege av UNEs vedtak - vedtak av 25. august 2012, 6. juni 2013 og 2. januar 2014 - skulle kjennast ugyldige.

Den 16. januar 2014 sa Oslo tingrett dom med slik domsslutning:

  1. Utlendingsnemndas vedtak 25.8.2012, med tilhørende vedtak 6.6.2013 og 2.1.2014, er ugyldig.
  2. Staten v/Utlendingsnemnda dømmes til å betale A kroner 180 880 - etthundreogåttitusenåttehundreogåtti - i sakskostnader innen 14 - fjorten - dager fra dommens forkynnelse.


Oslo tingrett tok også til følgje kravet om mellombels åtgjerd. Denne avgjerda har slik slutning:

Uttransportering av A iverksettes ikke før rettskraftig avgjørelse i hovedsaken foreligger.

Staten v/UNE har anka både dommen og orskurden til Borgarting lagmannsrett. Ankane gjeld bevisvurderinga og rettsbruken. I planleggingsmøte 10. april 2014 aksepterte staten v/UNE at anken over orskurden blei behandla saman med hovudsaka.

Nærare detaljar om sakstilhøvet går fram av tingrettens dom og av lagmannsrettens merknader nedanfor.

Ankeforhandling blei halde 13., 14. og 15. januar 2015 i Borgarting lagmannsretts hus. Begge partar møtte med prosessfullmektig. Rådgjevar Alexander Svenning Iversen i UNE følgde heile ankeforhandlinga i medhald av tvistelova § 24-6 andre ledd og gav forklaring. A var også til stades under heile ankeforhandlinga og gav forklaring. To rettsoppnemnde tolkar var til stades og tolka mellom norsk og amharisk. Fem vitne gav forklaring, inkludert landrådgjevar Dag Petterson som gav forklaring som sakkunnig vitne. Nærare detaljar om bevisføringa går fram av rettsboka.

Ankande part, staten v/UNE, har i korte trekk gjort gjeldande:

A har ikkje krav på vern som flyktning. Det er ikkje sannsynleggjort at han har ein velgrunna frykt for forfølging ved retur til heimlandet.

Sjølv om domstolen i utgangspunktet har full kompetanse ved vurderinga av om vilkåra for vern som flyktning er til stades, bør domstolen vera atterhalden med å setja til side faktavurderingar som er gjort av forvaltninga, jf. blant anna Rt-2007-1573 og Borgarting lagmannsretts dom 19. januar 2009 (LB-2008-124644).

Domstolen skal prøva saka med utgangspunkt i dei faktiske omstenda som var kjent for UNE på dei ulike tidspunkta for vedtak, jf. Rt-2012-1985. Domstolen kan likevel ta eit visst omsyn til nye bevis som kastar lys over situasjonen då vedtak blei treft, men det må i så fall vera tale om omstende som var eller burde ha vore kjent for UNE. Når det gjeld As politiske aktivitet i Noreg, har A for lagmannsretten vist til heilt nye omstende som retten uansett må sjå bort frå. Slike omstende må han eventuelt gjera gjeldande andsynes UNE i eit nytt krav om omgjering.

A har ikkje medverka til opplysning av saka så langt det er rimeleg og mogleg. Det er difor ikkje grunnlag for å nytta noko lempa beviskrav, jf. Rt-2011-1481, ved vurderinga av asylforklaringa hans. Han har ikkje lagt fram identifikasjonsbevis. Han har heller ikkje gjort noko forsøk på å skaffa det nasjonale identitetskortet som han seier at han hadde i Etiopia. Den fødselsattesten som er lagt fram for domstolane, er utan bevisverdi. Attestar av denne typen er det uråd å få verifisert.

Sjølv om domstolen eventuelt legg det lempa beviskravet til grunn, kan ikkje domstolen byggja på asylforklaringa hans. Han har gjeve motstridande opplysningar som svekkjer truverdet. Han har forklart seg inkonsekvent om omstenda knytt til korleis han kom fri frå fengselet. Det same gjeld innhaldet i OLF-dokumenta.

Det er påfallande at korkje A eller søstera lærte språket oromiffa dersom onkelen var så sterkt politisk engasjert. A har påfallande lite kunnskap om organisasjonen til OLF og om kva posisjon onkelen hadde. Forklaringa om at onkelen skreiv dokument utan å bruka kodar og at desse dokumenta blei lagra i tilknyting til eit felles dohus, harmonerer dårleg med tilgjengeleg landkunnskap. Det same gjeld forklaringa til A om korleis han prøvde å flytta på dokumenta.

At As far og onkel har vore i søkelyset til styresmaktene på grunn av engasjement for OLF, inneber ikkje i seg sjølv risiko for at A skal bli forfølgd. Tilgjengeleg landinformasjon tilseier at familiemedlemmer ikkje blir forfølgde på grunn av slik familierelasjon aleine.

Omfanget av den politiske aktiviteten til A i Noreg er ikkje slik at den gjev krav på asyl. UNE har ikkje tatt feil av dei faktiske omstenda på nokon måte som kan ha innverka på resultatet. UNEs vurderingar er forsvarlege og rettsbruken er korrekt. Det sentrale i risikovurderinga er i kva grad A har vore synleg for styresmaktene i Etiopia og i kva grad han vil bli oppfatta som eit trugsmål ved retur. Det er ikkje grunnlag for å leggja vekt på at A har hatt kontakt med ein person frå Sudan som seinare blei dømd for flyktningspionasje i Noreg. Personen blei dømd for spionasje knytt til sudanarar - ikkje personar frå Etiopia, jf. Høgsteretts dom i den aktuelle saka (Rt-2014-901). Staten viser også til vitneforklaringa frå spesialutsending Wold ved den norske ambassaden i Addis Abeba. Han forklarte at 130 etiopiarar har returnert etter at det blei inngått returavtale med Etiopia. Det er ingen haldpunkt for at nokon av desse har blitt arrestert eller trakassert på nokon måte etter returen.

Når det gjeld kravet om opphald på humanitært grunnlag, så kan forvaltninga gje slikt opphald dersom det ligg føre sterke menneskelege omsyn eller ei særskilt tilknyting til riket. Domstolane kan i utgangspunktet ikkje prøva skjønnet. Det heftar ikkje feil ved det skjønnet UNE har utvist og skjønnet er basert på eit rett faktum.

Kravet om mellombels åtgjerd skal ikkje bli tatt til følgje. Korkje hovudkrav eller sikringsgrunn er sannsynleggjort.

Staten har lagt ned slik påstand:

I hovedsaken:

  1. Staten v/Utlendingsnemnda frifinnes.
  2. Staten v/Utlendingsnemnda tilkjennes sakens kostnader for tingrett og lagmannsrett.

I forføyningssaken:

  1. Begjæringen om midlertidig forføyning tas ikke til følge.
  2. Staten v/Utlendingsnemnda tilkjennes sakens kostnader for tingrett og lagmannsrett.

Ankemotparten, A, har i korte trekk gjort gjeldande:

Tingrettens dom er korrekt. Alle dei tre UNE-vedtaka er ugyldige, både på grunn av feil ved faktum og på grunn av feil ved rettsbruken.

Domstolen har full prøvingsrett i saker som gjeld avslag på søknad om asyl. Dette går fram av Rt-2011-1411 avsnitt 48 [skal vel være Rt-2011-1481 avsnitt 48, Lovdatas anm.] Det er ikkje grunnlag for å hevda at domstolen skal vera atterhalden ved nokon del av prøvinga. Dette gjeld også i vurderinga av landfaglege spørsmål.

A har krav på asyl etter utlendingslova § 28 første ledd bokstav a, subsidiært etter § 28 første ledd bokstav b. Det skal leggjast til grunn eit lempa beviskrav ved vurderinga av asylforklaringa hans, jf. Rt-2011-1481 avsnitt 44-46. Spørsmålet er om forklaringa hans «fremstår som noenlunde sannsynlig». Asylsøkjaren har ikkje plikt til sjølv å avklara eigen identitet. A har gjeve ei rimeleg forklaring på kvifor han ikkje kan leggja fram identifikasjonsdokument. Han har medverka til opplysning av saka ved å forklara seg detaljert om lokalmiljøet i Etiopia. Han godtok at det blei tatt fingeravtrykk av han, og han har gav samtykke til at forvaltninga innhenta informasjon frå andre land og organisasjonar. Han har lagt fram fødselsattest og dokumentasjon knytt til den internasjonale registreringa hans innan sporten taekwondo, som han driv på eit svært høgt nivå. Fordi han er ettersøkt i heimlandet, er det uråd å skaffa det nasjonale id-kortet. Fødselsattesten kunne han skaffa fordi ein venn av onkelen hadde denne. Det må leggjast til grunn at A har opplyst rett identitet.

As forklaring om hendingane i Etiopia må også leggjast til grunn. Han har ikkje endra forklaring eller kome med nye opplysningar sjølv om søknaden om asyl blei avslått. Forklaringa hans er utvilsamt «noenlunde sannsynlig». Det blir vist til tingrettens grunngjeving.

At As onkel deltok aktivt i OLF også i 2010, er ikkje i strid med tilgjengeleg landinformasjon. Det finst fleire kjelder som opplyser at OLF framleis arbeider i det skjulte i Etiopia, noko som også var situasjonen i 2010. Dette er i samsvar med rapport frå Landinfo 18. desember 2012. Det er ikkje påfallande at A manglar meir detaljert kunnskap om onkelens arbeid. A har aldri påstått at han sjølv var politisk aktiv for OLF. A var ung då onkelen blei fengsla i 2005, og han hadde ingen kontakt med onkelen i perioden fram til 2010.

Forklaringa om at onkelen hadde ulike dokument knytt til arbeid for OLF, er ikkje eit omstende som svekkjer truverdet til A. Det kan ikkje utelukkast at OLF bruker dokument i arbeidet. Dokumentbruk er omtalt både av Landinfo og Amnesty. Det blir også vist til tingrettens omtale av forklaringa til vitnet Zerihun.

Heller ikkje forklaringa om at OLF-dokument blei skjult i eit dohus, svekkjer truverdet til A. Det var onkelen som plasserte dokumenta her, ikkje A. Det må leggjast til grunn at onkelen hadde sine grunnar for å velja denne staden. Korkje UDI eller UNE har lagt vekt på forklaringa om kor dokumenta blei plassert.

Det er ikkje påfallande at A ikkje kan lesa eller skriva oromiffa. Språket og kulturen til oromoane har blitt sett ned på i Etiopia. Det er ingen opplæring i dette språket på skulane i Addis Abeba.

As forklaring om flyttinga av dokumenta og flukta frå fangetransporten er truverdig, slik tingretten la til grunn. At det ved asylregistreringa blei notert at han blei «løslatt», må skuldast ei misforståing ved tolkinga. Små inkonsekvensar i asylforklaringa knytt til transporten av dokumenta må også skuldast feil ved tolkinga.

UNEs rettsbruk knytt asylsspørsmålet er ikkje korrekt. UNE har bygd på feil krav til bevis når det gjeld As forklaring. I UNEs vedtak 25. august 2012 er omgrepet «sannsynleggjort» brukt som rettsleg terskel både om forklaringa hans og når det gjeld identitetsspørsmålet. I dei seinare vedtaka om omgjering har UNE vist til den tidlegare vurderinga på dette punktet.

Når det gjeld den politiske aktiviteten som A har utvist etter at han kom til Noreg (subjektiv sur place), har ikkje staten v/UNE tatt til motmæle knytt til As eiga skildring av omfanget og arten av denne. Her må såleis forklaringa hans utvilsamt leggjast til grunn. Han har deltatt i ei rekkje demonstrasjonar. Han har ein eigen blogg på internett og han har støtta OLF økonomisk. Det må leggjast til grunn at styresmaktene i Etiopia overvakar aktiviteten i Noreg, og at A er registrert som OLF-aktivist også på dette grunnlaget. UNEs omtale av bloggen hans er ikkje korrekt. Innhaldet i bloggen er av ein slik karakter at han risikerer fengsel i fleire år etter terrorlovgjevinga i Etiopia.

UNEs rettsbruk er feil når det gjeld innhaldet i risikokravet etter utlendingslova § 28. Både i vedtak 6. juni 2013 og vedtak 2. januar 2014 har UNE uttrykt problemstillinga som eit spørsmål om det er «sannsynliggjort» at A har utvist politisk aktivitet som «vil» føra til alvorlege reaksjonar i heimlandet. Det går fram av rettspraksis, jf. Rt-2012-1481 avsnitt 45, at det gjeld ein lågare risikoterskel. Dersom det er risiko for alvorlege overgrep, blir det ikkje stilt krav om høg sjanse for at denne risikoen skal materialisera seg.

Basert på ei korrekt faktisk og rettsleg vurdering er risikoen for overgrep slik at A har krav på asyl. Det blir vist til Borgarting lagmannsretts dom 18. mai 2009 (LB-2008-179048) som gjeld eit samanliknbart tilfelle, men likevel slik at A er eksponert for endå større risiko fordi hans engasjement er knytt til OLF, som styresmaktene i Etiopia definerer som ein terrororganisasjon. Grasrota i OLF og unge menneske er særleg utsett for forfølging. Dette går blant anna fram av rapportar frå NOAS, Amnesty og Human Rights Watch. Det blir også vist til skildringa av tilhøva i Etiopia i den svenske tv-dokumentaren «Diktaturens fångar».

For det tilfellet at argumentasjonen knytt til asylspørsmålet ikkje fører fram, gjer A gjeldande at han har slik tilknyting til Noreg at forvaltninga skulle ha gjeve han opphald på humanitært grunnlag, jf. utlendingslova § 38.

Tingrettens avgjerd om mellombels åtgjerd er korrekt. Både hovudkrav og sikringsgrunn er sannsynleggjort. Når det gjeld sikringsgrunn, blir det vist til både tvistelova § 34-1 første ledd bokstav a og bokstav b. Dersom han blir tvangsreturnert til Etiopia, vil livet hans og helsa hans straks bli sett i fare.

Det er lagt ned slik påstand:

I hovedsaken:

  1. Anken forkastes.
  2. Ankemotparten tilkjennes omkostninger for lagmannsretten.


Begjæringen om midlertidig forføyning:

  1. Anken forkastes.
  2. Ankemotparten tilkjennes omkostninger for lagmannsretten.


Lagmannsrettens merknader:

Lagmannsretten har kome til eit anna resultat enn tingretten. Lagmannsretten meiner at UNEs vedtak er gyldige og at vilkåra for mellombels åtgjerd ikkje er oppfylt.

Spørsmålet i hovudsaka er om tre vedtak treft av UNE er gyldige. I vedtak 25. august 2012 avslo UNE søknad om asyl og opphald på humanitært grunnlag. I vedtak 6. juni 2013 avslo UNE krav om omgjering. Kort tid før hovudforhandling i tingretten, 2. januar 2014, avslo UNE dessutan eit nytt krav om omgjering. På denne bakgrunnen la A ned påstand for tingretten om at alle tre UNE-vedtak skulle kjennast ugyldige. Tingretten prøvde alle tre vedtak. Under ankeforhandlinga blei det av lagmannsretten peikt på at tingretten ikkje drøfta spørsmålet om A hadde rettsleg interesse i å få prøvd UNEs første avslag på krav om omgjering, jf. tvistelova § 1-3 andre ledd og Rt-2013-1101. Staten v/UNE gav under prosedyren i lagmannsretten uttrykk for at kravet om rettsleg interesse neppe var oppfylt, men la ikkje ned formell påstand om avvising. Ut frå korleis lagmannsretten vurderer realiteten i saka har lagmannsretten ikkje funne grunn til å problematisera spørsmålet om rettsleg interesse nærare. Slik lagmannsretten ser saka, har ikkje spørsmålet noko å seia praktisk sett, heller ikkje for avgjerda av sakskostnader.

Ved prøvinga av dei tre vedtaka skal lagmannsretten byggja på «vedtakstidspunktets faktum», jf. Rt-2012-1985 avsnitt 81 og 98. Det er likevel høve til å leggja vekt på nye bevis som kastar lys over situasjonen på vedtakstidspunkta. Staten v/UNE har hevda at A for lagmannsretten har vist til heilt nye omstende som lagmannsretten pliktar å sjå bort frå. Det er vist til As forklaring i lagmannsretten om at han også før UNEs første avslag hadde deltatt i demonstrasjonar og annan politisk aktivitet i Noreg, og dessutan forklaringa om at han skal ha blitt overvaka av andre personar i Noreg enn den sudanaren som seinare blei dømd for flyktningspionasje. Staten v/UNE har vidare gjort gjeldande at lagmannsretten må sjå bort frå opplysningar knytt til at A skal ha deltatt i demonstrasjonar og skrive nye bloggar i tidsrommet etter UNEs siste vedtak 2. januar 2014. Lagmannsretten er einig med staten i at iallfall hendingar som skjedde etter det siste vedtaket 2. januar 2014, utgjer nye faktiske omstende som fell utanfor ramma av den rettslege prøvinga. Lagmannsretten meiner at dei omtalte tilhøva før 2. januar 2014 uansett ikkje er av ein slik art at dei endrar sakas karakter eller utfall.

Staten v/UNE har også gjort gjeldande at lagmannsretten skal sjå bort frå nyare skriftleg bevismateriale i form av ulike artiklar og notat om situasjonen i Etiopia, blant anna ein rapport frå Amnesty datert 28. oktober 2014 («Because I am oromo: Sweeping repression»). Lagmannsretten meiner at dette materialet fell innanfor ramma av den rettslege prøvinga. Lagmannsretten viser til at det ikkje er opplyst om omstende som tilseier at tilhøva i Etiopia i tidsrommet etter UNEs siste vedtak har endra seg vesentleg. Det er difor ikkje tale om dokument som skildrar ein ny situasjon i Etiopia, men om nye dokument som primært kan kasta nytt lys over den situasjonen som låg føre alt på vedtakstidspunktet. Lagmannsretten meiner at dette er bevismateriale som kan leggjast fram sjølv om det er av nyare dato enn vedtaket.

Lagmannsretten går etter dette over til den konkrete vurderinga av UNEs ulike vedtak.

A hevdar at UNE har tatt feil når det i alle vedtak er lagt til grunn at han ikkje har krav på asyl etter utlendingslova § 28 første ledd bokstav a og/eller bokstav b. Det er her tale om eit rettsbruksskjønn som lagmannsretten fullt ut kan prøva.

Utlendingslova § 28 første og andre ledd har slik ordlyd:

En utlending som er i riket eller på norsk grense, skal etter søknad anerkjennes som flyktning dersom utlendingen

  1. har en velbegrunnet frykt for forfølgelse på grunn av etnisitet, avstamning, hudfarge, religion, nasjonalitet, medlemskap i en spesiell sosial gruppe eller på grunn av politisk oppfatning, og er ute av stand til, eller på grunn av slik frykt er uvillig til, å påberope seg sitt hjemlands beskyttelse, jf. flyktningkonvensjonen 28. juli 1951 artikkel 1 A og protokoll 31. januar 1967, eller
  2. uten å falle inn under bokstav a likevel står i reell fare for å bli utsatt for dødsstraff, tortur eller annen umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff ved tilbakevending til hjemlandet.


En utlending som anerkjennes som flyktning etter første ledd, har rett til oppholdstillatelse (asyl).

A hevdar blant anna at rettsbruken til UNE er feil fordi nemnda ved drøftinga av utlendingslova § 28 har bygd på eit for strengt beviskrav.

Lagmannsretten meiner at UNEs omtale av beviskravet med fordel kunne ha vore meir presis. Lagmannsretten viser til at det i UNEs vedtak 25. august 2012 heiter at «det er tvil om klagers identitet» og at «klagerens identitet ikke er sannsynliggjort». Uttrykket «sannsynliggjort» kan oppfattast slik at nemnda meinte at det ikkje er mest truleg at A er den han hevdar at han er.

Når det gjeld andre delar av asylforklaringa til A, går det derimot fram av UNEs vedtak at «Tvil om faktum skal komme klageren til gode, så langt forklaringen fremstår som generelt troverdig og det ikke finnes andre gode grunner til å ikke legge forklaringen til grunn». Etter å ha slått fast dette, viser UNE likevel til vurderingane som er gjort av UDI, og konkluderer med at «Klagerens asylforklaring legges etter dette ikke til grunn som sannsynliggjort». Uttrykket «sannsyliggjort» blir i denne samanhengen upresist fordi det ikkje går klart fram i kva grad tvil om faktum reelt har kome asylsøkjaren til gode. UNEs omtale av beviskravet blir også upresis fordi det er vist til UDIs vedtak i ein situasjon der UDI heller ikkje drøfta innhaldet i det konkrete beviskravet nærare. UDI nøyde seg med å peika på ulike moment som samla sett innebar at A hadde «svekket troverdighet», slik at UDI meinte at asylforklaringa ikkje kunne leggjast til grunn som «sannsynliggjort».

Som nemnt ovanfor, kan lagmannsretten fullt ut prøva forvaltningas vurdering etter utlendingslova § 28. At UNE har vore uklar i omtalen av beviskravet, inneber i seg sjølv ikkje at vedtaka er ugyldige. Lagmannsretten må sjølv ta stilling til kva som er rett beviskrav, og til kva som er rett faktum basert på dette beviskravet. Dersom det i neste omgang viser seg at UNE på grunn av eit upresist eller urett beviskrav også har bygd på feil faktum, er dette eit omstende som lett kan ha innverka på resultatet og som difor må føra til at vedtaket blir ugyldig.

På denne bakgrunnen vil lagmannsretten gå nokså detaljert inn på beviskravet i saker etter utlendingslova § 28. Kravet er omtalt i Rt-2011-1481. I avsnitt 35-43 går førstvoterande gjennom sentrale rettskjelder knytt til innhaldet i beviskravet: Forarbeida til 1988-lova, forarbeida til 2008-lova og FNs Høgkommissær for Flyktningars handbok om prosedyrar for å fastsetja rettsstillinga til flyktningar. Etter denne gjennomgangen gjev førstvoterande ei oppsummering av rettstilstanden i avsnitt 45 og 46:

Ved vurderingen av om det foreligger en reell fare for forfølgelse, skal asylforklaringen legges til grunn så langt den fremstår som noenlunde sannsynlig, og søkeren selv har medvirket til å opplyse saken så langt det er rimelig og mulig. Asylsøkerens generelle troverdighet er et relevant moment som skal tas i betraktning. Det kreves ikke sannsynlighetsovervekt for at forklaringen er riktig. I den forbindelse må konsekvensene av en eventuell uriktig avgjørelse i asylsøkerens disfavør vurderes. Jo alvorligere konsekvensene fortoner seg, jo mindre skal det til for å gi vedkommende beskyttelse.

Konkret utleder jeg av dette at eventuelle selvmotsigelser, uklarheter og utelatelser i forklaringen, som ikke kan begrunnes på tilfredsstillende måte, kan få betydning for bevisvurderingen. Forklaringer som gradvis tilpasses, eller suppleres av nye forhold som tidligere ikke har vært nevnt, vil lett bidra til å svekke den generelle troverdigheten. Dette vil særlig være tilfellet der forklaringen endres etter at det grunnlaget som først ble påberopt, viser seg ikke å føre frem.

Det heiter innleiingsvis i sitatet at asylforklaringa skal leggjast til grunn så langt denne kan reknast som «noenlunde sannsynlig». Samanhalde med dei andre premissane i avsnitt 45 og 46, går det likevel fram at dette utgangspunktet ikkje gjeld i absolutt alle saker. I tilfelle der asylsøkjaren har late vera å medverka til å opplysa saka på rimeleg måte, til dømes ved at asylsøkjaren ikkje på rimeleg måte har medverka til å avklara eigen identitet, uttaler førstvoterande at utgangspunktet om «noenlunde sannsynlig» ikkje gjeld.

Høgsteretts gjennomgang av relevante rettskjelder, omtalt i Rt-2011-1481 avsnitt 35-43, er eit viktig bakgrunnsteppe når uttrykket «noenlunde sannsynlig» skal nyttast i ei konkret sak. Lagmannsretten meiner at det ut frå dommen avsnitt 35-43 går klart fram at det uansett skal skje ei fri bevisvurdering der det skal leggjast vekt på alt tilgjengeleg bevismateriale.

Lagmannsretten viser til at uttrykket «noenlunde sannsynlig» frå Høgsteretts side er meint som ei oppsummering av rettstilstanden, jf. avsnitt 44 i dommen, og ikkje som eit sjølvstendig rettsleg vilkår som endrar det som følgjer av andre rettskjelder på området. Dette er nærare omtalt av Borgarting lagmannsrett i dom 22. desember 2011 (LB-2011-23448) der det heiter:

Det kan diskuteres hvordan dette beviskravet er å forstå idet ordet noenlunde rent språklig ikke gir særlig veiledning. Ut fra den sammenheng avsnitt 45 i dommen er skrevet i, særlig de forutgående avsnitt i dommen, legger lagmannsretten til grunn at Høyesterett ikke har ment å lempe eller skjerpe, men å oppsummere det beviskrav som følger av loven og forarbeidene.

Lagmannsretten meiner at uttrykket «noenlunde sannsynlig» må sjåast i samanheng med FNs Høgkommissær for Flyktningars handbok om prosedyrar for å fastsetja rettsstillinga til flyktningar (revidert i januar 1992) der det heiter i punkt 203 og 204 under overskrifta «Benefit of the doubt»:

After the applicant has made a genuine effort to substantiate his story there may still be a lack of evidence for some of his statements. As explained above (paragraph 196), it is hardly possible for a refugee to «prove» every part of his case and, indeed, if this were a requirement the majority of refugees would not be recognized. It is therefor frequently necessary to give the applicant the benefit of the doubt.

The benefit of the doubt should, however, only be given when all available evidence has been obtained and checked and when the examiner is satisfied as to the applicant's general credibility. The applicant's statements must be coherent and plausible, and must not run counter to generally known facts.

Lagmannsretten går etter dette over til den konkrete vurderinga av asylforklaringa til A.

Staten v/UNE hevdar at A ikkje på rimeleg måte har medverka til å avklara eigen identitet, noko som står sentralt for om det gjeld eit lempa beviskrav, jf. Rt-2011-1481 avsnitt 45 første punktum. Lagmannsretten meiner at A har gjeve ei forklaring som samla sett må reknast for plausibel på kvifor han ikkje hadde identifikasjonsdokument då han kom til Noreg. A har forklart at han aldri har hatt pass og at han reiste frå Kenya til Europa ved hjelp av ein menneskesmuglar som gav han eit falskt pass. A har vidare forklart at han hadde nasjonalt id-kort i Etiopia, men at han ikkje hadde dette med seg til Noreg. Etter lagmannsrettens syn kan det ikkje leggjast til grunn at det er kurant for A å skaffa eit nytt id-kort. På spørsmål frå lagmannsretten opplyste det sakkunnige vitnet Dag Petterson frå Landinfo at han ikkje kjente til om det i det heile tatt er mogleg å få utskrive denne typen id-kort frå styresmaktene i Etiopia for ein person som har opphald i utlandet. Ved vurderinga av om A på andre måtar har medverka på rimeleg måte til å opplysa saka, viser lagmannsretten til at han har gjeve ei detaljert forklaring om bakgrunnen sin, blant anna om bustaden i Addis Abeba. At forvaltninga har vurdert saka slik at det ikkje er rasjonelt å bruka ressursar knytt til forsøk på å få verifisert forklaringa, kan ikkje tala imot A.

Lagmannsretten meiner heller ikkje at A har endra eller tilpassa forklaringa undervegs i saksgangen på ein måte som fører til at det generelle truverdet hans er redusert i slik grad at han ikkje nyt godt av eit lempa beviskrav. Staten v/UNE har vist til at det i rapporten frå registreringa av søknaden om asyl er notert at han «ble løslatt», medan han seinare har forklart at han rømde under fangetransport. Lagmannsretten meiner det er plausibelt at denne endringa skuldast ei misforståing knytt til tolkinga ved registreringa.

Staten v/UNE har også hevda at forklaringa knytt til sjølve rømminga har vore inkonsistent. Lagmannsretten ser annleis på dette. Etter lagmannsrettens syn er sjølve rapporten frå asylforklaringa tvetydig i omtalen av detaljane ved rømminga, noko som gjer at det ikkje er grunnlag for å hevda at A seinare har endra forklaring. Heller ikkje når det gjeld detaljane knytt til flyttinga av OLF-dokumenta, meiner lagmannsretten at det er tale om reell inkonsistens på ein måte som er relevant for vurderinga av truverdet hans.

Staten v/UNE har dessutan vist til at A i asylintervju 24. august 2010 forklarte at han ikkje kjente til innhaldet i OLF-dokumenta, medan han i lagmannsretten forklarte at han trudde at nokre av dokumenta var namnelister. Lagmannsretten er einig i at det på dette punktet er tale om ei reell endring, men meiner at dette punktet aleine ikkje gjev grunnlag for å fråvika utgangspunktet om eit lempa beviskrav.

Staten v/UNE har hevda at det politiske engasjementet til A i Noreg svekkjer det generelle truverdet hans fordi dette engasjementet først kom for dagen etter UNEs første avslag. Lagmannsretten meiner det er vanskeleg å dra slutningar av denne typen. Lagmannsretten peiker på at det ikkje er unaturleg at det går noko tid frå ein asylsøkjar kjem til landet til asylsøkjaren blir ein del av eit miljø som driv denne typen politisk arbeid. Lagmannsretten meiner at dette ikkje kan samanliknast med typetilfelle der sjølve asylforklaringa om forfølging i heimlandet blir bygd ut og tilpassa etter eit avslag.

Samla sett meiner lagmannsretten at det i denne saka ikkje er grunnlag for å fråvika hovudregelen om eit lempa beviskrav ved vurderinga av asylforklaringa. Lagmannsretten meiner såleis at As asylforklaring skal leggjast til grunn så sant forklaringa er plausibel - eller «noenlunde sannsynleg» - slik Høgsterett valte å oppsummera rettstilstanden, jf. Rt-2011-1481.

I motsetnad til tingretten meiner lagmannsretten derimot at sjølve asylforklaringa på sentrale punkt er så lite truverdig at den ikkje kan leggjast til grunn som plausibel.

A har i lagmannsretten forklart at onkelen skreiv ei nokså omfattande mengde dokument som gjaldt arbeidet til OLF. A forklarte at dokumenta blei skrivne for hand på oromiffa, utan bruk av kode. A tolka nokre av dokumenta slik at det var tale om namnelister. A har vidare forklart at onkelen blei lauslaten frå fengsel ved årsskiftet 2009/2010 (etter norsk kalender), men at onkelen kort tid seinare sjølv valte å gå i dekning fordi styresmaktene i Etiopia heldt han under oppsyn og stadig ransaka heimen i Addis Abeba. A forklarte at før onkelen gjekk i dekning, så gøymde onkelen OLF-dokumenta i eit felles dohus. I lagmannsretten utdjupa A detaljane, ved at han opplyste at dokumenta var plassert ved inngangspartiet til dohuset. Her var det ikkje nokon dør som det var mogleg å låsa. A forklarte at dokumenta var plassert i hyller/esker som blei disponert berre av husstanden til onkelen. A hadde sjølv nokre gamle skulebøker ståande her. A forklarte vidare at han i samråd med søstera bestemte seg for å flytta dokumenta fordi han var redd for at styresmaktene/politiet skulle finna desse. A forklarte at han ein dag han skulle på skulen, tok med seg dokumenta i ein ryggsekk og at planen var å levera dokumenta til ein venn av onkelen. Dette var ikkje avtalt med vedkomande på førehand. Undervegs blei A stansa av politiet, som fann dokumenta i sekken.

Lagmannsretten meiner at denne forklaringa til A på fleire punkt er så påfallande at den samla sett ikkje kan bli vurdert som plausibel eller «noenlunde sannsynlig». I UDIs grunngjeving for vedtak 11. november 2011, som UNE har slutta seg til, er det vist til at landinformasjon tilseier at «OLF i svært liten grad brukte skriftlig materiale i sin virksomhet og dette fordi det innebærer altfor stor risiko for å bli tatt med slike dokumenter». Ut frå bevisføringa for lagmannsretten er det ikkje haldepunkt for at den landfaglege vurderinga på dette punktet er feil. Lagmannsretten viser også til notat frå Landinfo datert 13. mai 2005 der det heiter i punkt 2.2.1:

OLF arrangerer ikke møter for befolkningen. Det kan skje at cellene sprer løpesedler ifølge en innberetning fra oktober 1999, men dette skjer ikke åpent. Ifølge OLF lederen for utenrikskontoret i Washington er det ingen dokumenter i bruk og viste også til at det finnes generelt lite dokumenter i Etiopia. Alt i møtet skjer verbalt. En OLF kilde i Norge [ . . ] bekrefter at man i liten grad bruker dokumenter i Etiopia. I de tilfellene dokumenter blir brukt er det stort sett ved treningsleire, ved de militære enhetene hvor man oppbevarer dokumenter som OLF konstitusjon og andre OLF interne dokumenter. Det er også tilfeller der informasjon må formidles mellom vest og øst frontene. Da skjules dokumenter i sko og klær hos den som frakter dem. Informasjon om navn vil ikke stå i disse dokumentene men kun være omtalt i koder. Ofte vil teksten også være deschiffert.

Det er altfor risikabelt å bære på seg OLF dokumenter i urbane strøk ifølge OLF kilden i Norge. Det kan være situasjoner hvor dokumenter oppbevares i hemmelige hus. Men de fraktes ikke rundt på gaten.

I eit seinare notat frå Landinfo 18. desember 2012 gjorde Landinfo greie for nyare kjelder som tilsa at OLF kunne ha meir aktivitet i Etiopia enn det Landinfo tidlegare hadde bygd på, men dette notatet gjev ikkje haldepunkt for at bruken av dokument er meir omfattande enn det som følgjer av skildringa i 2005.

Lagmannsretten meiner at det ikkje er truverdig at As onkel, som tidlegare fengsla OLF-aktivist, skulle velja å gøyma OLF-dokument i eit ulåst hus som blei brukt av fleire husstandar. Dokumenta blei dessutan gøymd på ein stad i huset som blei disponert av A og søstera. Dersom dokumenta blei funne her, ville dei straks bli kopla til den husstanden som A og onkelen tilhøyrte. Dersom det var slik at onkelen gjekk i dekning, meiner lagmannsretten at det er svært påfallande at onkelen ikkje først sjølv sørgde for ei sikrare oppbevaring av dokumenta - alternativt at han sørgde for at dokumenta blei øydelagt. Lagmannsretten meiner også at det er svært lite truleg at A valte å fjerna dokumenta frå staden for å transportera desse på offentleg stad utan at dette var avklart med planlagt mottakar (ein venn av onkelen) eller med andre personar med tilknyting til OLF. Framgangsmåten var eigna til å setja både A og eventuelle personar som var omtalt i dokumenta i fare, noko A har forklart at han sjølv også var klar over. Lagmannsretten viser til As asylintervju der han forklarte at han var på veg til skulen den aktuelle dagen og at «Det er vanlig at jeg blir stoppet på veg til skolen.» Lagmannsretten meiner at det ikkje er truverdig at A valte å ta ein slik risiko, på same måte som det ikkje er truverdig at onkelen valte å utsetja A og søstera for det dilemmaet som låg i at OLF-dokument var gøymt på staden etter at onkelen hadde gått i dekning.

Lagmannsretten vurderer også forklaringa til A som lite truverdig i lys av at han forklarte til lagmannsretten at onkelen ikkje ville læra han oromiffa eller fortelja han om arbeidet til OLF fordi dette ville vera for farleg. Dette samsvarer i liten grad med As forklaring om at onkelen faktisk fortalde han om dei OLF-dokumenta som låg gøymd, og at onkelen overlét ansvaret for desse dokumenta til A og søstera utan nærare instruksjonar.

I motsetnad til tingretten meiner lagmannsretten at det ikkje er grunn til å leggja vekt på vitneforklaringa til den omtalte vennen av onkelen - Gisawe Legesse. Vitnet forklarte seg på telefon frå Etiopia. Dei opplysningane som vitnet gav, er det uråd å få stadfesta eller avkrefta av andre kjelder. Samla sett meiner lagmannsretten at denne vitneforklaringa har liten bevisverdi.

Lagmannsretten meiner såleis at UNE har bygd på rett faktum når UNE ved vurderinga etter utlendingslova § 28 har sett bort frå asylforklaringa. Det må leggjast til grunn at A korkje har transportert OLF-dokument eller har vore fengsla i heimlandet.

Lagmannsretten går etter dette over til spørsmålet om UNE har bygd på rett faktum knytt til innhaldet og omfanget av den politiske aktiviteten som A har utøvd i Noreg. At også slik aktivitet kan gje krav på vern som flyktning, går fram av utlendingslova § 28 fjerde ledd, som har slik ordlyd:

Søkeren skal som hovedregel anerkjennes som flyktning etter første ledd også når beskyttelsesbehovet har oppstått etter at søkeren forlot hjemlandet, og skyldes søkerens egne handlinger. Ved vurderingen av om det skal gjøres unntak fra hovedregelen, skal det særlig legges vekt på om beskyttelsesbehovet skyldes handlinger som er straffbare etter norsk lov, eller om det fremstår som mest sannsynlig at det hovedsakelige formålet med handlingene har vært å oppnå oppholdstillatelse.

Lagmannsretten viser her til drøftinga innleiingsvis under lagmannsrettens merknader når det gjeld kva som utgjer ramma for den rettslege prøvinga. Som det går fram her, har A vist til visse nye omstende som ikkje kan gjerast gjeldande som grunnlag for argumentasjon om at UNE har bygd på feil faktum. Slike omstende må i staden danna grunnlag for eit eventuelt nytt krav om omgjering.

Slik lagmannsretten oppfattar As argumentasjon i ankesaka, har A i liten grad angripe UNEs skildring av den politiske aktiviteten hans i Noreg - i den grad aktiviteten var synleggjort av A sjølv på vedtakstidspunkta. As argumentasjon går hovudsakleg på at UNE ikkje har trekt dei rette konsekvensane av aktiviteten, nærare bestemt om aktiviteten gjev han krav på vern som flyktning.

Lagmannsretten meiner at det ikkje er haldepunkt for at UNE har bygd på feil faktum når det gjeld skildringa av den politiske aktiviteten. Lagmannsretten viser til As eiga forklaring i retten. Han forklarte at han har deltatt i demonstrasjonar, at han har halde appellar, støtta OLF-økonomisk og støtta OLF gjennom tekstar på internett. Han hevdar ikkje at han har ein særleg sentral posisjon blant OLF-sympatisørane i Noreg.

Innhaldet i As aktivitet er relevant for den konkrete subsumsjonen opp mot utlendingslova § 28. Lagmannsretten vil difor kort referera kva faktum som er lagt til grunn av UNE, og som lagmannsretten sluttar seg til.

Det heiter i UNEs vedtak 6. juni 2013 blant anna:

På bakgrunn av klagerens forklaring i nemndmøtet, sammenholdt med sakens opplysninger for øvrig, herunder fremlagt dokumentasjon, legger nemnda til grunn at klageren er motstander av det eksisterende regimet i Etiopia, at han sympatiserer med OLF, at han har deltatt i noen demonstrasjoner og møter, at han har gitt økonomisk støtte til OLF med et mindre beløp ved et par anledninger, og at han har hatt kontakt med en sudansk statsborger som senere er tiltalt for flyktningespionasje.

[ ... ]

Når det gjelder klagerens politiske aktiviteter i Norge, finner nemnda at denne har vært og er svært beskjeden. På bakgrunn av hans forklaring i nemndmøtet, sammenholdt med sakens opplysninger for øvrig, finner nemnda at klageren ikke har utøvd politisk aktivitet av en slik art eller av et slikt omfang som gjør ham kjent, synlig eller sentral i det politisk opposisjonelle miljøet i Norge. Han fremstår heller ikke som en person med særskilt evne til å mobilisere ungdom eller andre mot det etiopiske regimet.

I UNEs vedtak 2. januar 2014 heiter det:

Det er i vurderingen sett hen til anførselen om klagerens deltakelse i demonstrasjoner.[ ... ] UNE har merket seg at klageren skal ha holdt en appell. [ ... ] UNE har videre sett hen til at klageren har gitt to mindre økonomiske bidrag til OLF, men mener at dette i seg selv ikke tilsier at han vil anses som en trussel av etiopiske myndigheter.

UNE har videre vurdert klagerens blogg. Han har ikke underbygget eller sannsynliggjort at innholdet på bloggen er av en slik karakter at etiopiske myndigheter vil oppfatte ham som en trussel. Klagerens blogg fremstår som en samling nyhetsartikler om forholdene i Etiopia hentet fra andre nettaviser, blant annet The Guardian og Ethiopian Review. Det fremgår ikke av sakens opplysninger at klageren skriver egne artikler eller innlegg på bloggen.

Lagmannsretten går etter dette over til å vurdera den konkrete risikoen ved ein retur til Etiopia, vurdert opp mot terskelen for når ein har krav på vern som flyktning etter utlendingslova § 28.

Som det går fram av drøftinga ovanfor, meiner lagmannsretten at det er riktig å sjå bort frå asylforklaringa om fengsling på grunn av påstått nærkontakt med OLF-dokument. Dette inneber at det avgjerande spørsmålet blir om A har krav på vern basert på den etterfølgjande, politiske aktiviteten hans i Noreg. Lagmannsretten nemner i denne samanhengen for ordens skuld at sjølv om As avlidne far var OLF-aktivist og onkelen er slik aktivist, inneber ikkje dette at vilkåra for vern etter utlendingslova § 28 er oppfylt. Det er ikkje haldepunkt for at det å vera i nær familie med OLF-aktivistar i seg sjølv inneber ein fare for forfølging etter utlendingslova § 28 første ledd bokstav a eller b. Lagmannsretten viser på dette punktet blant anna til vitneforklaringa til Dag Petterson i Landinfo.

Når det gjeld det rettslege innhaldet i risikovurderinga etter utlendingslova § 28, blir det stilt krav om at det er tale om «reell» risiko. Det heiter i forarbeida at det skal «opereres med en betydelig lavere terskel enn krav om sannsynlighetsovervekt», jf. Ot.prp.nr.75 (2006-2007) side 88 andre spalte. Det er vidare slik at dess meir alvorlege konsekvensar det kan vera snakk om, dess mindre skal til av konkret risiko for at slike konsekvensar skal bli utfallet.

A har hevda at UNE har stilt feil risikokrav. Han har blant anna vist til at UNE har uttrykt at sakas springande punkt er om A «vil» bli utsett for alvorlege reaksjonar i heimlandet.

Lagmannsretten meiner at UNE har bygd på eit korrekt rettsleg innhald i risikokravet. I det første vedtaket 25. august 2012 var det mindre grunn for UNE til å gå detaljert inn på risikokravet sidan UNE såg bort frå asylforklaringa til A, samanhalde med at politisk aktivitet i Noreg enno ikkje var gjort gjeldande av A som asylgrunnlag. Lagmannsretten meiner at heller ikkje dei to vedtaka om å nekta omgjering kan oppfattast slik at UNE bygde på feil krav til sannsynleggjering. Lagmannsretten viser til at det i vedtaket 6. juni 2013 heiter at det «ikke er holdepunkter» for at styresmaktene i Etiopia vil vurdera A som eit trugsmål. Det er på denne bakgrunnen at UNE i neste setning av vedtaket slår fast at det difor heller ikkje er haldepunkt for at As aktivitetar i Noreg «vil» føra til alvorlege reaksjonar i heimlandet. Lest i samanheng tilseier såleis ikkje uttrykket «vil» at UNE har tolka lova feil. Lagmannsretten meiner at UNE også i vedtaket 2. januar 2014 tolka og brukte risikokravet riktig. Det heiter i dette vedtaket at det ikkje er «tilstrekkelig sannsynliggjort» at A vil bli utsett for alvorlege reaksjonar ved retur til heimlandet. Vedtaket lest i samanheng gjev etter lagmannsrettens syn ikkje grunnlag for å hevda at UNE har operert med eit for strengt risikokrav.

Spørsmålet for lagmannsretten blir etter dette om UNEs konkrete vurdering av den forventa, framtidige situasjonen for A i heimlandet ved ein retur, er korrekt. Dette er også ei vurdering der domstolen har full prøvingsrett. Det er ikkje slik at domstolen er forplikta til å vera atterhalden med å overprøva den landfaglege vurderinga til UNE. Domstolen må vurdera om UNE har trekt rett konklusjon basert på dei landfaglege kjeldene som UNE hadde tilgang til. I tillegg er det spørsmål om det for domstolen er ført andre bevis om landfaglege spørsmål som tilseier eit anna resultat enn det UNE kom til.

Når det gjeld utlendingslova § 28 første ledd bokstav b, heiter det i UNEs vedtak 25. august 2012:

UNE mener at den generelle sikkerhetssituasjonen i Etiopia ikke tilsier at klageren ved tilbakevending til hjemlandet står i reell fare for å bli utsatt for dødsstraff, tortur eller annen umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff. UNE kan heller ikke se at det foreligger individuelle omstendigheter som tilsier at klageren ved en retur til hjemlandet står i en reell fare for de nevnte overgrep.

Lagmannsretten sluttar seg til UNEs vurdering på dette punktet. Det har for lagmannsretten ikkje blitt ført nye bevis som tilseier eit anna resultat. A har for lagmannsretten ikkje gjort konkret greie for på kva grunnlag han subsidiært (for det tilfellet at vilkåra etter bokstav a ikkje skulle vera til stades) hevdar at vilkåra etter bokstav b er oppfylt. Lagmannsretten oppfattar realiteten i argumentasjonen til A slik at han meiner at han har krav på vern som flyktning i medhald av bokstav a.

Når det gjeld vurderinga etter utlendingslova § 28 første ledd bokstav a, vurdert opp mot As politiske aktivitet i Noreg, har UNE i vedtak 6. juni 2013 vist til notat frå Landinfo 20. august 2012, der det blir uttalt at styresmaktene i Etiopia har godt oversyn på eksilmiljøet i Noreg. I dette notatet heiter det blant anna:

Når det gjelder spørsmålet om hvem som kan komme i myndighetenes søkelys ved retur til Etiopia, vil det trolig ha sammenheng med hva slags aktivitet den returnerte har bedrevet i eksil. Kildene trekker særlig fram prominente personer tilknyttet til ulovlige opposisjonspartier. Etiopiske myndigheter skal i henhold til det opplyste følge med på aktivitetene til eksiletiopiere som arbeider for regimeendring gjennom G7, OLF og ONLF. Dette er ulovlige partier som myndighetene definerer som terrororganisasjoner. Disse gruppene har trolig betydelig oppslutning i diasporaen, også i Norge. Bildet som tegnes av utsatte personer er imidlertid ikke helt entydig. Eksiletiopiere som har ytret myndighetskritiske synspunkter på internett, som har skrevet artikler mot dagens politiske system i Etiopia, eller vært synlige i forbindelse med demonstrasjoner, kan også være i etiopiske myndigheters søkelys.

Kildene Landinfo snakket med i mars 2012 mente at eksiletiopiere med aktivitet og profil som beskrevet over, med stor sannsynlighet vil være utsatt for reaksjoner ved retur til Etiopia. Basert på hva man har erfart internt i utlandet, understreket de riktignok at det kunne være tilfeldig hvem som faktisk ville bli rammet. På spørsmål om hvilke reaksjoner de kunne bli rammet av, gav noen få av kildene konkrete svar.

På grunnlag av den informasjonen som Landinfo har innhentet, kan vi ikke se bort fra at asylsøkere med aktivitet og profil som beskrevet over, kan bli arrestert og fengslet ved retur til Etiopia.

I det same vedtaket til UNE går det fram at UNE har lagt vekt på opplysningar i rapport frå NOAS, «13 Months of Sunshine» av august 2012.

I nytt vedtak frå UNE 2. januar 2014 er det vist til dei same skriftlege kjeldene utarbeidd av Landinfo og NOAS. Det er på generelt grunnlag også vist til at UNE i alle saker treffer avgjerd «på bakgrunn av et stort tilfang av kilder, herunder HRW, Amnesty International og NOAS».

I sistnemnte vedtak la UNE til grunn at det å vera med på demonstrasjonar i Noreg mot styresmaktene i Etiopia, «ikke er tilstrekkelig for å risikere alvorlige reaksjoner ved retur».

Det å halda appellar under demonstrasjon, eller å ha blogg på internett om situasjonen i Etiopia, var heller ikkje på generelt grunnlag nok for å risikera alvorlege reaksjonar ved retur. UNE kom til at det ikkje var spesielle omstende knytt til A som tilsa ei anna risikovurdering for han.

Ut frå bevisføringa under ankeforhandlinga vurderer lagmannsretten risikoen på same måte som UNE. Lagmannsretten viser særleg til vitneforklaringa til landrådgjevar Dag Petterson i Landinfo. Han forklarte at det å ha søkt asyl i utlandet, etter hans vurdering ikkje i seg sjølv inneber nokon fare for alvorlege reaksjonar frå styresmaktene ved retur til Etiopia. Petterson gav uttrykk for at styresmaktene i Etiopia er i stand til å skilja «klinten fra hveten», dvs. at styresmaktene skil mellom personar som har ei sterkare tilknyting til OLF og personar som til dømes berre har deltatt i demonstrasjonar i utlandet. Lagmannsretten viser også til vitneforklaring frå spesialutsending Tommy Wold ved Den norske ambassaden i Addis Abeba. Han forklarte at han ikkje kjente til at personar som hadde returnert frå Noreg hadde blitt utsett for nokon form for reaksjonar.

Lagmannsretten kan ikkje sjå at rapport frå Amnesty: «Because I am Oromo» (2014), gjev grunnlag for ei anna vurdering av risikoen i As tilfelle. Av rapporten går det klart fram at opposisjonelle i Etiopia er utsett for fare, noko som også blei stadfesta av landrådgjevar Dag Petterson. Dette gjeld også opposisjonelle i Etiopia som arbeider «på grasrota». Som det går fram ovanfor, meiner lagmannsretten at det ikkje kan leggjast til grunn at A har utført handlingar i Etiopia som kan knyta ham til OLF. Når det gjeld aktiviteten i Noreg, oppfattar ikkje lagmannsretten at rapporten frå Amnesty gjev tilstrekkeleg haldepunkt for at denne typen aktivitet inneber ein reell risiko som gjev krav på vern etter utlendingslova § 28.

A har subsidiært kravd dom for at avslaget på søknaden om opphald på såkalla humanitært grunnlag, jf. utlendingslova § 38, er ugyldig. Han har for lagmannsretten ikkje grunngjeve dette kravet nærare, og det er for lagmannsretten uklart på kva grunnlag han meiner at det heftar feil ved denne delen av vedtaket. Tingretten kom til at UNEs vurdering etter utlendingslova § 38 var ugyldig fordi UNE hadde basert seg på feil faktum knytt til vurderinga etter utlendingslova § 28. Lagmannsretten meiner at dette er ei feilslutning frå tingrettens side. Vurderingstemaet etter utlendingslova § 38 er eit anna enn etter § 28. Det er såleis andre faktiske omstende som er relevante for spørsmålet om opphald på humanitært grunnlag enn dei omstenda som er relevante for spørsmålet om vern som flyktning. Det sentrale etter utlendingslova § 38 er om det ligg føre «sterke menneskelige hensyn eller utlendingen har særlig tilknytning til riket».

I UNEs vedtak 25. august 2012 heiter det om vurderinga etter utlendingslova § 38:

Det er ikke fremkommet opplysninger som tilsier at klageren er i en særskilt sårbar situasjon ved retur til hjemlandet. Det vises til at klageren etter det opplyste er en arbeidsfør ung mann, med utdannelse. Han har anført å ha helseplager, men det er ikke dokumentert at disse er av en slik alvorlighet at de når opp til terskelen for innvilgelse av opphold på humanitært grunnlag. For øvrig legges det til grunn at klageren har nettverk i Addis Abeba, blant annet gjennom onkelens venn.

UNE mener at klageren heller ikke har en slik tilknytning til riket som tilsier at tillatelse bør innvilges etter ovennevnte bestemmelse. UNE bemerker at oppholdstid i Norge i forbindelse med søknad om beskyttelse i utgangspunktet ikke danner slik særlig tilknytning. UNE mener det ikke er grunnlag for en annen vurdering i klagerens tilfelle.

På bakgrunn av ovennevnte mener UNE at det ikke foreligger slike sterke menneskelige hensyn eller slik særlig tilknytning til riket som kan gi grunnlag for å gi oppholdstillatelse etter nevnte bestemmelse.

Lagmannsretten meiner at denne vurderinga til UNE er korrekt både faktisk og rettsleg. Vedtaka om avslå søknad om opphald på humanitært grunnlag er såleis gyldige.

Krav om mellombels åtgjerd:

Slik lagmannsretten har konkludert i hovudsaka, er hovudkravet ikkje sannsynleggjort. Etter tvistelova § 34-2 første ledd første punktum er vilkåra for mellombels åtgjerd då ikkje til stades.

Sakskostnader:

I samsvar med hovudregelen i tvistelova § 20-2 første ledd har staten v/Utlendingsnemnda krav på å få full erstatning for sakskostnadene i lagmannsretten og tingretten, både i hovudsaka og i sak om mellombels åtgjerd. Lagmannsretten har vurdert om det er grunnlag for å gjera unntak etter tvistelova § 20-2 tredje ledd, men har kome til at det ikkje ligg føre tungtvegande grunnar som gjer dette rimeleg i nokon av sakene. Avgjerdene har ikkje valda tvil, sakene har ikkje prinsipiell interesse og A har etter lagmannsrettens syn ikkje hatt god grunn til å få dei prøvd for domstolane. Dette gjeld sjølv om sakene spelar stor rolle for han velferdsmessig.

Staten la for tingretten fram kostnadsoppgåve på kr 79 950 inkludert meirverdiavgift. Det var ikkje Regjeringsadvokaten som var prosessfullmektig for tingretten, men ekstern advokat, slik at det var korrekt at kravet omfatta meirverdiavgift. Kostnadsoppgåva for tingretten gjaldt fullt ut salær.

Staten, representert ved Regjeringsadvokaten, har for lagmannsretten lagt fram kostnadsoppgåve på kr 99 842. Av dette beløpet gjeld kr 22 992 utgifter til kopiering av utdrag og liknande, medan resten gjeld salær.

Staten har i kostnadsoppgåvene ikkje presisert kva del av kostnadene som gjeld saka om mellombels åtgjerd. Lagmannsretten meiner at denne delen skjønnsmessig kan setjast til kr 5 000 for kvar av instansane. Med det resultatet som lagmannsretten har kome til, har fordelinga mellom hovudsak og forføyningssak ikkje noko å seia reint praktisk.

Lagmannsretten meiner at det både for tingretten og lagmannsretten er tale om rimelege og nødvendige utgifter, jf. tvistelova § 20-5 første ledd, og tilkjenner sakskostnader i samsvar med oppgåvene.

Dommen er samrøystes.

Domsslutning:

 

  1. Staten v/Utlendingsnemnda blir frifunne.
  2. A betaler til staten v/Utlendingsnemnda 74 950 - syttifiretusennihundreogfemti - kroner i sakskostnader for tingretten og 94 842 - nittifiretusenåttehundreogførtito - kroner i sakskostnader for lagmannsretten innan to veker rekna frå tidspunktet for forkynning av denne dommen.


Slutning i orskurd:

  1.  Krav om mellombels åtgjerd blir ikkje tatt til følgje.
  2. A betaler til staten v/Utlendingsnemnda 5 000 - femtusen - kroner i sakskostnader for tingretten og 5 000 - femtusen - kroner i sakskostnader for lagmannsretten innan to veker rekna frå tidspunktet for forkynning av denne orskurden.
Latest changes
  • Ny: LB-2014-57082 Utlendingsrett. Beskyttelse. Vurdering av beviskravet i utl. § 28. (2/23/2015)

    En etiopisk borger hadde fått avslag på søknad om asyl, og han fikk heller ikke opphold på humanitært grunnlag. Lagmannsretten var uenig med tingretten og konkluderte med at vedtaket var gyldig. Retten drøftet innholdet i beviskravet i utlendingsloven § 28, og mente at det ikke var grunnlag for å fravike hovedregelen om et lempet beviskrav ved vurderingen av asylforklaringen så lenge forklaringen var «noenlunde sannsynlig».

Norwegian Directorate
of Immigration
Utlendingsdirektoratet
P.O. box 2098 Vika
NO-0125 Oslo
Norway

Editor in Chief: Stephan Mo