Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English
Attention Opphevede og utdaterte dokumenter

UDI rundskriv

RS 2010-157
Dokument-ID : RS 2010-157
Saksnummer : 10/117-3
Dokumentdato : 01.02.2010
Mottakere :

Politimeistrane

Gebyr ved søknad om utlendingspass og reisebevis og ved søknad om fornying – utlendingsforskrifta § 17-11


Fyrste gongen ein utlending søkjer reisebevis eller utlendingspass, skal han eller ho ikkje betale gebyr dersom søknaden om reisedokument vert avgjort samstundes med asylsaka. Derimot må søkjaren betale gebyr ved søknad om utlendingspass dersom han eller ho har fått opphaldsløyve på anna grunnlag enn ein søknad om asyl, eller dersom søkjaren tidlegare har fått avslag på søknad om utlendingspass, jf. forskrifta § 17-11 fyrste ledd. Dette gjeld også dersom søkjaren er barn.

Når søkjaren søkjer om fornying av reisebeviset eller utlendingspasset, skal han eller ho betale gebyr tilsvarande det beløpet som er fastsett i passloven § 3 fjerde ledd, jf. forskrifta § 17-11 andre ledd. Dette gjeld reisedokument til både vaksne og born.

Søkjaren skal ikkje betale gebyr for sjølve reisedokumentet.

 

Kontakt: Asylavdelingen fagstab 

Siste endringer

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo