Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

UDI rundskriv

RS 2010-093
Dokument-ID : RS 2010-093
Saksnummer : 2009/004663
Dokumentdato : 01.01.2010
Mottakere :

Politimeistrane
Alle i Utlendingsdirektoratet

Vedtakskompetanse ved søknad om fornying etter utløpet av siste løyve – utlendingslova § 65, jf utlendingsforskrifta § 13-2


Politiet har i visse saker høve til å fornye opphaldsløyve når det ikkje er tvil om at vilkåra er oppfylte, jf. utlendingsforskrifta § 13-2. Dette rundskrivet utdjupar når søknad om fornying, som er sett fram for seint, skal føre til slik tvil i saka at Utlendingsdirektoratet er rett vedtaksmynde. Vedtakskompetanse for søknadar om permanent opphaldsløyve som er levert etter utløpet av tidlegare løyve, er regulert i UDI RS 2017-006.

Søknader om fornying som vert fremja innan to månadar etter utløpet av siste løyve, kan politiet avgjere dersom det ikkje er tvil om at vilkåra er oppfylte. Søknader om fornying som vert fremja meir enn to månadar etter utløpet av siste løyve, skal utan unntak sendast til Utlendingsdirektoratet for avgjerd.

Det er viktig at dersom søknad om fornying er levert etter utløpet av tidligare løyve, og løyva dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve, skal fornya løyve gjelde frå vedtaksdato, jf. utlendingsforskrifta § 10-24 andre ledd andre punktum.

Om søknaden gjeld fornying av løyve som ikkje dannar grunnlag for permanent opphaldløyve, skal fornya løyve som hovudregel gjelde frå utløpet av tidlegare løyve, jf utlendingsforskrifta § 10-24 andre ledd fyrste punktum. Gjeld søknaden løyve på nytt grunnlag skal fornya løyve gjelde frå vedtaksdato, jf. utlendingsforskrifta § 10-26 fyrste ledd, jf. utlendingslova § 61 sjuande ledd.

Søknad om fornying skal reknast for fremja den dagen han vert levert til politiet.

Karl Erik Sjøholt
avdelingsdirektør

Kontakt: Opphaldsavdelinga

 

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo